Blid er sommarnatta er den første færøyske krimromanen som blir utgitt på norsk. Omsettar er Lars Moa, og måndag 12. mars kl. 19.00 kjem han til bibliotekamfiet og fortel om romanen skrive av Jógvan Isaksen.

Krimromanen er første bok i serien om den færøyske krimhelten, journalist Hannis Martinsson. Hannis’ journalistkollega, Sonja Pætursdóttir, blir funnen død ved foten av Støðlafjall. Hannis begynner å grave i saka og oppdagar snart eit samband til skonnerten «Eva» frå Paraguay, som ligg ved kai i Tórshavn. Kven er dei to eldre gentlemen om bord på skonnerten? Er dei berre komne for å selje fiskerettar til det færøyske landsstyret, som dei påstår? Eller har dei andre ærend?

Denne krimromanen har til no komme ut på dansk, islandsk, tysk, engelsk og norsk, og er også kjøpt for utgiving på fransk og ungarsk.

Arrangørar er Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek. Møtet er ein del av ein Fritt Ord-støtta serie av presentasjonar av nynorsk litteratur.

Billettar: 130,-
Kan kjøpast i bibliotekskranken eller på kimenkulturhus.no

 

Fritt ord-logo

 

 

Stjørdal kommune sin logo

 

 

 

 

Translate »