Leseombod – noko for deg?

Kan du lesa høgt? Da kan du vera eit leseombod. Eit leseombod er ingen byråkrat (som det kan høyrast ut som), men rett og slett ein frivillig som les høgt for nokon som ikkje kan lesa sjølv, ofte på ein institusjon.

Men du kan også lesa høgt for den gamle naboen din i sofakroken heime om du vil. For mange er denne stunda med leseombodet vekas høgdepunkt. På Stjørdal har vi for tida ni engasjerte leseombod, og eit par gonger i året samlest alle til eit lokalmøte der vi deler boktips, røynsler og gjerne eit solid fat med vaffel. I tillegg vert du årleg invitert av  «Leser søker bok» og fylkesbiblioteket  til eit større inspirasjonsmøte med fagleg påfyll der du også får treffa leseomboda frå grannekommunane. Neste stormøte er 09.10. på Steinkjer.

Om dette verkar interessant ut så tak gjerne kontakt, vi hjelper deg i gang. Nokon gleder seg allereie til at du kjem.

http://stjordalbibliotek.no/bli-leseombud/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Translate »