Vinje portrettI år er det 200 år sidan forfattaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i enkle gardbrukarkår i Telemark. Han voks opp til å verta ein «makelaus» elev og seinare ein omdiskutert samfunnsdebattant og nyskapar, både innan språk og journalistikk.
Som skribent hadde han to prosjekt: å reisa målsaka og lyfta bondestanden gjennom opplysning.

Gjennom heile livet var han oppteken av tvisynet – av at det alvorlege kan ha noko komisk i seg og omvend slik at ein både kunna «graata med det eine Augat og læ med det andre.»
Dette doble finn ein også att i forfattarskapet som både har kjenslevar lyrikk og artiklar med stikk.

I dag er han mest kjend for boka «Ferdaminne» som er ei vakker, men også uvanleg ærleg skildring av ei reise gjennom by-og bygde-Noreg anno 1860. Her møter han både vakre jenter, stygge menn og tygg graut med bust.

Og no får du vera med på turen i lag med Ragnhild Vannebo som har plukka ut fleire  godbitar frå prosaskildringa, som «Langs ei aa» (inspirert av Orkla) og «No ser eg atter slike fjell og dalar». Desse vart seinare tonesette av Grieg og musikarane John Pål Inderberg og Øyvind Nygaard spelar med, rundt og innimellom tekstane.

Tid og stad: 17.september kl.19.00 i Vektersalen. Du kan kjøpa billettar ved å trykkja på lenka under.

kimenkulturhus.no/program/no-ser-eg-atter

Translate »