Bilde av Kjartan Fløgstad, Astrid S. Dypvik, Gudmund Skjeldal og Lars Amund Vaage.Det blir «Storveges boklaurdag» att, og vi får eit gjensyn og gjenhøyr med dei fire forfattarane som møtte publikum i Stjørdal i januar 2013.

Kjartan Fløgstad fortel om si nye bok Trans-Sovjet Ekspress: Reiser blant underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar. Gjennom 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Han har sett stadig nye sider av vårt forunderlege naboland: frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya. No vender han på nytt nasen austover – 100 år etter den store revolusjonen. Han oppsøker restane av Sovjetunionen: arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Kva står att av dette korte hundreåret med sosialisme? Og kva betyr desse minna i dag?

Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då byen låg i skvis mellom supermaktene. I boka Berlin-historier. Kald krig i den delte byen har ho valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side.

Lars Amund Vaage gav i 2012 ut boka Syngja til strålande kritikkar. Syngja var boka Vaage ikkje trudde han kunne skrive; om å leve med ei dotter med autisme. I boka Sorg og song tek han utgangspunkt i romanen Syngja og drøftar korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemme eller drepe slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn. Er det slik at det språklause barnet er omgitt av språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Vaage viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men óg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skrive: om å gi ord til det ordlause.

Gudmund Skjeldal skriv i Wimbledon – der graset er grønast om Wimbledons magiske gras, om dramaet i Borg og McEnroe si tid, om Serena Williams og Roger Federers kunstferdige spel. Kva er det som gjer tennissporten så fascinerande?

 

 

Når: Laurdag 20. januar kl. 14.00
Billettpris: 250,-
Billettar kan kjøpast i skranken på biblioteket eller ved å trykke her.

Stad: Vektersalen

Arr.: Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek, støtta av Fritt Ord.

Fritt ord-logo Stjørdal kommune sin logo

 

 

 

 

 

 

 

Translate »