Mannsansikt med svarte briller, grått hår og skjegg.

Måndag 10. mai klokka 19.00 kan du møta innehavaren av eit særs sjeldan yrke.

 

Då kjem Lars Moa til biblioteket for å samtale med bibliotekar Solfrid Vestli om arbeidet sitt som omsetjar av færøysk litteratur. Sidan 2001 har han omsett alt frå knokkelknasande krim til dunmjuke dikt, og så langt har det vorte over 20 bøker. Dette har han motteke fleire gjeve prisar for, og den siste var Trønderlagets målpris.

 

Sjølve Færøyane er ikkje så stort. Den færøyske forfattaren William Heinesen liknar øygruppa med eit sandkorn på eit ballsalgolv, og innbyggartalet er vel 50 000. Men i høve til folketalet har landet imponerande mange forfattarar, to har vunne Nordisk råds litteraturpris og endå fleire har vorte nominerte. Ein av desse er Oddfriður Marni Rasmussen for sin nyomsette roman Ikkje før da, og det er ei av dei bøkene du vil få høyra meir om denne kvelden.

 

Inngang er gratis og det er høve til å stilla spørsmål etterpå.

 

Velkomen til ei litterær avveksling og oppleving!

Translate »