Portrettbilde av en hvit mann med mørke briller.

Foto: Tove Breistein

 

Bjørn Hatterud vaks opp i arbeidarklassa i ei bygd i Prøysenland som avvikande og skeiv på alle måtar. Han er fødd med ryggmargsbrokk og klumpfot, og har vore gjennom ei mengd smertefulle behandlingar og operasjonar. I tillegg har han vore eit overvektig mobbeoffer, og han er homofil.

I dag er Hatterud skribent, frilansar og konsulent i norsk kulturliv. Han har skrive artiklar og essays for heile floraen av norsk presse frå Morgenbladet til Dagbladet – frå Vårt Land til Cupido; om bilkultur, danseband, funksjonshemmingar, seksualitet og avantgardekunst – om kvarandre.

 

Mjøsa rundt med mor: ei livsreise

Den siste boka hans, Mjøsa rundt med mor, fekk Kritikarprisen for beste sakprosabok for 2020. Det er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa, ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen der ein vaks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område, og ikkje minst til ei mor. I tankar og samtalar reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden.

Det er ein forfattar med mykje på hjartet du kan møte i biblioteket 4. november!

 

Du kan kjøpe billettar her.

Del