Foto: Aschehoug

Torsdag 28. februar kl. 19.00 blir det bokbad med Carl Frode Tiller i bibliotekamfiet. Bademeister er Anja Ristad.

Carl Frode Tiller har vunne mange prisar for diktinga si. I 2001 fekk han både Vesaas debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for boka Skråninga. Boktrilogien «Innsirkling» er det verket han har fått flest prisar for. Han vann Brageprisen i 2007, Kritikerprisen i 2008 og EUs litteraturpris i 2009. I alt har han vunne 12 prisar for diktinga si.

Tiller skriv og skodespel. Det Norske Teatret sette opp «Innsirkling» i 2011. Her på Stjørdal vart stykket «Folkehelsa» spela av Nord-Trøndelag Teater i 2015. Då med stjørdalingen Maren Bjørseth som regissør.

Arrangør: Stjørdal bibliotek og Stjørdal Mållag

Inngang: 150,-

⇒Kjøp billettar her
– eller i skranken på biblioteket.

Velkommen!

Translate »