Torsdag 11. april kl. 19.00 stiller Guri Vesaas til samtale med Lars Moa i Vektersalen. Guri er dotter til eit av Noregs mest kjende forfattarpar, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas, men her vil det fyrst og fremst handla om menneska bak forfattarskapet, om den tenksame guten og den livlege jenta som vart foreldra til Olav og Guri.

Velkomen med heim til mor og far på Midtbø!

Arrangør: Stjørdal bibliotek og Stjørdal Mållag
Pris er 200,- for vaksen og 100,- for student.

Billettar kan kjøpast ved å klikke her
– eller i skranken på biblioteket

Translate »