Bokforside med trær

Den fråskilde barneskolelæreren Elin er på veg til den enkle sumarhytta ho har arva etter foreldra sine. Med er sonen Dori på 12 år. Guten har budd mest hjå faren i det siste, så no ser ho fram til ei koseleg felleshelg i barndomens vakre vik. Men her er korkje kulegrill, straum eller nett, og sonen er lite imponert av retrostil, lyngduft og fagre fjell.

Så dukkar ei underleg småjente opp på terrassen.
Det syner seg at faren hennar er hyttenaboene Haukur, ein gamal klassekamerat av Elin, han som var den verste mobbaren på skulen. No har han heldigvis vorte ein hyggeleg og smilande småbarnsfar, men kvifor går han med ei golfkølle på tur?
Ein kveld forsvinn både jenta og Dori, og Elin oppdagar at sonen har nokre urovekkjande bilete i kameraet.
Like ved hytta ligg eit vatn.
 
På yta er det blankt og idyllisk, men ein anar at det er noko som rører seg i djupet. Små aurevak gjev eit vink. Eller er det faktisk aurevak? Som barn fablar Elin om at dei to øyene uti innsjøen eigentleg er ryggen av to dinosaurar. Denne historia fortel at Elin kan ha hatt rett i at ikkje alt er som det ser ut til, ikkje alle heller. Gjennom den blide seinsumarkvelden går ein kald trekk.
Med få, meiningstette ord og setningar har forfattaren knadd ein hard ball av lavasvart humor, islandsk mystikk og familieroman som treffer lesaren med eit smell midt i ryggen, nett som ein golfball på feil kurs.

 

Translate »