ARRANGEMENTET ER FLYTTA TIL 18.09.2021

Det har gått tre år sidan Stjørdal hadde Fløgstad på besøk, og denne gongen skal han ta for seg dei fem seinaste bøkene sine under overskrifta «Litteratur i krigen – Krig i litteraturen».

 

I desse bøkene har han stilt spørsmålet om kva som står att frå det han kallar Arbeidarklassens hundreår. Svara har han gitt i form av essay om det høge og låge i kulturen, som i boka Etter i saumane frå 2016. Trans-Sovjet ekspress (2017) er ei reiseskildring gjennom ruinane som står att etter Sovjet-kommunismen. Gjennom heile forfattarskapen har Fløgstad skrive songtekstar som er tonesette av mange komponistar og gjengitt i Sandharpesongar (2018). Romanen Due og drone (2019) handlar både om det korte hundreåret 1914-1991 og den nye kalde krigen i våre dagar, medan På æren løs frå 2020 er ei historisk undersøking av kva norske forfattarar sto for under og etter den andre verdskrigen.
Translate »