Første bilde viser en lommebok med gamle bilder, som ligger i snøen. Andre bilde viser boktittel og -forfatter, og en mann som går på ski.

 

30. mars 1943 var ein blankstille dag i Toftefjorden i Troms. Ute i verda var det krig, men her inne i den lune fjorden hadde dei ikkje sett ein einaste tyskar. Frå vindauget sitt kunne Haldis Idrupsen sjå fiskeskøyta Brattholm som kom dagen før. Så kom det sigande inn ein båt til, mykje større, og slett ingen fiskebåt.

Og så small det.

Slik byrja den legendariske flukta til Jan Baalsrud, 26-åringen frå Oslo, som var den einaste av dei tolv motstandsmennene om bord i Brattholm som overlevde.

I 1955 kom så boka «Ni liv – historien om Jan Baalsrud» av David Howarth som skildrar denne flukta. I ettertid har det vist seg at ikkje alt stemmer. Det er t.d. feil at tyskarane jakta på Baalsrud, dei trudde han døydde då båten gjekk ned. Men den livsfarlege ferda etterpå var dramatisk nok likevel og forfattaren syg lesaren med, inn i snøblinda og under snøraset. Dette er ei bok av den gamaldagse spenningssorten som også dei som ikkje liker bøker kan lika. Du finn historia på ⇒Bokhylla.no.

Den kjende filmen med same tittel frå 1957 er tilgjengeleg på ⇒NRK nett-TV.

I 2017 kom ein ny film, «Den 12. mann», som bygde på Tore Haug og Astrid K. Scott si bok «Jan Baalsrud og de som reddet ham». Utan dei mange gode hjelparane, som sjølv sette livet på spel, skulle Baalsrud aldri ha overlevd, og her får dei koma til orde.

Det seiest at kriser får fram det verste i folk, men soga om Baalsrud syner at dei kan få fram det beste med.