Med utgangspunkt i dette spørsmålet, inviterer Stjørdal bibliotek og Stjørdal Mållag til møte om sagalesing i biblioteket i Kimen laurdag 17. oktober kl. 15.00. Til å kaste lys over dette temaet har vi fått Jan Ragnar Hagland som er professor emeritus frå NTNU. Han har forska på og undervist i m.a. norrøn filologi, runologi, språkhistorie og edisjonsfilologi. Han har omsett fleire norrøne soger til nynorsk, mellom dei er Njålssoga, Soga om Gisle Sursson og Landnåmabok.

Sagalitteratur er eit vidt omgrep som omfattar svært mykje av det vi har bevart av prosa på norrønt mål. Ein god del av denne tekstmengda er enno ikkje omsett til notidsnorsk. Men når vi til dagleg snakkar eller skriv om sagalitteratur, er det nok helst store og små forteljingar om konfliktar islandske ætter imellom vi har i tankane. Som litterær sjanger kallar vi denne litteraturen ‘islendingesoger’ i dag. Tidlegare gjekk desse sagaene helst under namnet ‘ættesoger’ – på grunn av innhaldet. Det gjer dei framleis på engelsk, der dei oftast er omtala som Icelandic family sagas. Namngjetne tekster i verdslitteraturen, som Njålssoga, Soga om Egil Skalla-Grimsson. Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson med vidare, er sagaer av dette slaget.

Og det er desse programmet den 17. oktober skal dreia seg om. Ei særskild interesse for desse sagaene no kan godt knytast til eit felles nordisk prosjekt som gjekk ut på å setja desse tekstene på nytt om til dansk, norsk og svensk, eit av dei største omsetjingprosjekt som nokon gong er gjennomført. Det dreiar seg om 40 sagatekster og 48 småsoger, eller meir novelleliknande tekster, gjerne kalla ‘tætter’ i fleirtal, ein ‘tått’ i eintal. Tekstmengda til saman fyller 5 store band med i alt om lag to og eit halvt tusen sider tekst. Så her skulle det vera nok å ta av for den leselystne! Det er den islandske utgjevaren Saga forlag som står for alle dei tre nordiske utgåve-setta. Eit lite poeng når det gjeld den norske, er at om lag halvdelen av tekstmengda er på nynorsk og halvdelen på bokmål. Det kan seiast å vera eit språkpolitisk poeng hos oss ettersom det opp gjennom åra har vore eit ikkje uvesentleg poeng at sagatekster skulle vera tilgjengelege parallelt på dei to norske skriftmålsformene.

Mann

Jan Ragnar Hagland

Spørsmålet om den sagalitteraturen det her gjeld, er noko for vår tid eller ei, kjem det korkje til å svarast på med rungande ‘ja’ eller ‘nei’ i presentasjonen den 17. oktober. Men ved hjelp av konkrete tekstdøme vil det bli freista å få fram sider med denne litteraturen det kan vera verdt å tenkja over også for menneske i første del av 2000-talet. Folk er velkomne til å ta del både med spørsmål og synsmåtar.

Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

⇒Billett: kr 100,-

Translate »