Dame med kort, lyst hår og svart genser, foran en rød bakgrunn.
Ingrid Storholmen fortel om romanen “Støvberar” og arbeidet med skrivinga av han.

Forfattar Ingrid Storholmen, som fekk Ole Vig-prisen i 2011, vart fødd i 1976 i Verdal, der hu framleis bur. Ho er ein litt spesiell forfattar på det viset at ho skiftar mellom å skrive nynorsk og bokmål ut ifrå det ho kjenner passar best for den boka ho arbeider med. Ho debuterte som forfattar i 2001 med diktsamlinga Krypskyttarloven. Så kom diktsamlingane Skamtalen. Graceland (2005), Siriboka (2007) og Til kjærlighetens pris (2011). Den første prosaboka hennar, Tsjernobylfortellinger, kom i 2009, og vart i 2015 dramatisert av forfattaren sjølv for Nord-Trøndelag teater (no Turnéteatret). Boka er omsett til fleire språk, med anna engelsk, hindi, fransk og estisk. Og Storholmen vart nominert både til Brageprisen, Kritikerprisen og IMPAC Dublin Literary Award for boka.

I 2012 kom barneboka Mora som glemte at det var kveld. Roman nummer to, Her lå Tirpitz, var utgitt i 2014, om det tyske slagskipet som låg i Fættenfjorden frå januar til oktober i 1942. Denne boka vart nominert til P2-lyttaranes romanpris.

 

Torsdag 11. mars vil Ingrid ta for seg romanen Støvberar, som kom ut i fjor. Om denne boka skriv forlaget Aschehoug: “Ingeborg er misjonær og dreg til India for å arbeide som jordmor hos santalfolket. Eit folk som blir grovt utnytta i steinindustrien. Romanen handlar om livet hennar frå ho i ungdommen blir frelst og vidare gjennom alle åra på misjonsstasjonen i kamp for å hjelpe, og i kamp for å bere både seg sjølv og trua. Kam hende kjempar ho aldri nok. For blir det meir himmel på jord av å drive misjon? Og kva gjer for lite kjærleik med eit menneske? Må ein sjølv vere god for å gjere det gode?”

På møtet vil forfattaren sjølv lese utdrag frå romanen, og fortelje om det omfattande grunnlagsarbeidet og skrivinga av boka.

Del