Bli med på konkurranse i Bokåret 2019 –  25 klassikarar – 25 veker!
 
Nye norske litterære klassikarar fortener eit større publikum. Difor gjev vi deg ei klassisk utfordring: Kor mange klassikarar klarer du? Kjende kritikarar har valt ut bøkene som er utgjevne i åra 2013 – 2017. Kom innom biblioteket og hent deg eit bingobrett med 25 titlar og sjå kor mange du klarer å lese på dei  25 vekene konkurransen varar. Greier du ei heil rad så kan du bli med i premietrekning.  Greier du heile brettet er du med i trekninga av ein ekstra fin premie!
 
Meir om bøkene og utvalet finn du her: http://lomfolkebibliotek.no/
 
Konkurransen startar 11. mars og siste frist for registrering av rad eller brett er 6. september.

 

“Klassikar-prosjektet er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Lom folkebibliotek har invitert andre bibliotek til å bli med i klassikar-prosjektet for å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019. Totalt er 65 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord med.”lomfolkebibliotek.no/prosjektet/

Translate »