Den 16.01.1942 gleid det største skipet som er bygd i Europa, inn i den vesle Fættenfjorden. Churchill kalla det med rett for “beistet”. For med sine 52 600 tonn, fordelt på vel 250 meter av solid stål, var det tyske slagskipet “Tirpitz” ein bulande bunt av militære musklar, kommandert til Noreg av føraren sjølv, truleg for å hindra den livsviktige konvoitrafikken mellom Russland og England.

 

Men dei allierte slo tilbake. Våren 1942 vart skipet utsett for fleire engelske flyåtak og folket langs fjorden gøymde seg i kjellarane medan bombene fall og brennande fly styrta i bakken. Av 124 fly gjekk 20 tapt og 60 unge flygarar sette livet til. Den yngste vart berre 17 år. Ein veggtekst frå ein av dei skotske flybasane summerte det slik: “Re-Trondhjem, never have so many, gone so far, for so little”.

 

For skipet sjølv berga bra, og etter nokre turar til og frå, forlet det Fættenfjorden for godt den 11.03.1943. I dag står berre det digre ankerfestet att etter den flytande kjempa. Men ein modell av Tirpitz, laga av biblioteksjef Frank Nordby, står no til utstilling i biblioteket. Og om du vil vita korleis det gjekk med skipet til slutt, så er også resten av historia til utlån hos oss.

Del