Mann med skjegg og hatt lener seg mot et vindu.

Foto: Edgar G. Bachel

Rockepoeten Tom Roger Aadland gav nyleg ut sitt niende soloalbum, med tittelen «Motgift». Han har også skrive songtekstar for artistar som Hellbilles, Vamp og Marion Ravn. I haust besøker han norske konsertscenar med sine kritikarroste gjendiktingar av nobelprisvinnar Bob Dylan sine unike songar.

 

Kor og når?

Takka vere Stjørdal mållag, er vi så heldige at Aadland kjem hit.

Laurdag 23. oktober, klokka 14.00 kan du høre han i Bibliotekamfiet, og du kan kjøpe billettar her.

 

Bob Dylan på norsk

Aadland har tatt for seg dei to Dylan-albuma mange reknar som hans aller største meisterverk, og gjendikta dei låt for låt. «Blondt i blondt» («Blonde on Blonde» 1966) fekk ei strålande mottaking av eit samla kritikarkorps og blei av NRK P1 Norsk på norsk kåra til årets album i 2016. Det første Dylan-albumet hans, «Blod på spora», førte til omfattande turnering, universitetsføredrag og bokutgjeving då det kom ut for tolv år sidan.

I fjor gjorde Aadland eit knippe splitter nye Dylan-gjendiktingar for Det Norske Teatret si suksessframsyning «Vikla inn i blått». «I Aadlands tolkninger ligger både råskapen og poesien, det politiske og det humanistiske», skreiv Dagsavisen. Det er duka for ei heilt spesiell konsertoppleving når Tom Roger Aadland denne hausten stiller på scenen med Dylan på nynorsk på programmet.

 

Smakebit

På YouTube kan du sjå den splitter nye musikkvideoen hans, til songen “På veg til deg”.

Del